Praktisk info
Bruk av badstova steg for steg.
Ei hyggeleg oppleving i badstova startar med god hygiene. Vennlegast vær rein før du kjem, og bruk alltid eit handkle til å sitte på.
Etter bruk, vennlegast rydd opp og tørk golva for vatn og sand. Ved overdriven tilgrising vil det bli fakturert eit reingjeringsgebyr på kr. 950,-.

Lås opp døra med kode
Når du bookar badstova får du tilsendt kode til døra på sms og epost. Opne døra med tilsendt kode. Døra vil då vere ulåst i tidsrommet du har booka. Døra vert låst automatisk når bookinga er over.

Slå på badstoveomnen
- Badstova er varm etter ca 30 minutt.
- Brytaren lyser grønt når omnen er på.

Kost golvet
Ver vennleg å kost golvet og fjern eventuelt rusk i sluket i badstova før du startar. Kost og feiebrett finst under benken på høgre sida av døra

Pass på hygienen
Pakk med deg to handklede når du skal i badstova; eitt til å sitte på og eitt til å tørke deg med. Unngå kroppsskrubb og duftoljer i badstova av omsyn til andre gjester.

Bruk badesko
Bruk badesko eller sandalar dersom de badar, og sett dei frå dykk utanfor badstova. Då vert det lettare å reingjere badstova når de er ferdige.

Reinhald etter bruk
For at alle skal få ei god oppleving, er det viktig å ta nokre enkle steg når du er ferdig i badstova:
- Start med å opne døra og lufte godt ut.
- Tørk av benkar og ryggstø med ein fuktig klut eller eit handkle, og fjern eventuell søl eller flekkar.
- Ta med søppel.
- Svabre eller fei golvet slik at grus, hår og smuss blir borte, og sjå til at sand frå sluket også blir feia opp.
- Til slutt tømmer du vassbøtta og ausa, slik at alt er klart for neste gjest.

Slå av badstoveomnen
Slå av badstoveomnen (grøn lampe skal vere sløkt).

Døra vert automatisk låst når bookingperioda er ferdig
Pass på at døra er lukka når du går.