Badstovereglar

For at alle skal ha ei god og trygg oppleving i badstova har me laga eit sett trivselsreglar.

Alle som nyttar badstova bør lese desse før bruk.

  • Venlegast ver rein før du går i badstova
  • Sitt på handkle i badstova
  • All bading og bruk av badstova skjer på eige ansvar. Ikkje svøm aleine/usett
  • Ver merksam på at det kan vere glatte golv både ute og inne
  • Ta omsyn til andre, hald lydnivået nede i badstova
  • Spør før du heller på vatn på omnen
  • Ikkje bruk duftoljer eller kroppsskrubb i badstova
  • Born under 18 år skal vere i følge med føresett
  • Kjenner du deg ukomfortabel, svimmel eller søvnig – forlat badstova straks
  • Røyking er forbode. Ingen mat og snus i badstova
  • Det er ikkje lov å nyte alkohol på badeplassen og i badstova
Bilete av messingskilt med tekst som lyder "Sitt på handkle" og på engelsk: "Sit on a towel". Trebakgrunn.
Foto: Martin Haugeplass.