Om oss

Foto tatt inne i dagsturhytta med utsikt ut gjennom to skråstilte vinduer. Det er sol og blå himmel ute.
Foto: Martin Haugeplass.
Foto av fargerike våtdrakter og svømmeføtter liggande i ei kasse inne i BUA-rommet på Oppsjø.
Foto: Martin Haugeplass.
Foto: Martin Haugeplass.

Badstova ved Oppsjø Vasspark er eit samarbeid mellom Ål kommune, lokale foreiningar og Ål frivilligsentral. Anlegget blei ferdigstilt i 2023 som ein del av friluftslivssatsinga i Ål. Anlegget er bygd med støtte frå Kulturdepartementet, Gjensidigestiftinga og Miljødirektoratet.

Her finn du ein stad for kvile, samhald og frisk luft midt i naturen, samtidig som du er tett på sentrum. Badstova er ein varm møteplass – like fin til kvardags som til høgtid.

Vi søkjer stadig etter engasjerte folk som kan vere badstuguvertar for fellesbadstove-tilbodet. Som frivillig vert er du med på å skape eit varmt og inkluderande miljø, og du får møte folk i alle aldrar og livssituasjonar.
Ta kontakt med Ål frivilligsentral eller Hallingdal Vinterlaugarlag for å melde interesse.

Foto: Martin Haugeplass.

Om badstova

Oppsjø Vasspark er eit såkalla «statleg sikra friluftsområde» for allmenn ferdsel.

Eit statleg sikra friluftsområde er natur som er kjøpt eller avtalt sikra med støtte frå staten, slik at alle kan bruke det til friluftsliv. Områda skal vere tilgjengelege for folk flest, og blir ofte tilrettelagde med stiar, badeplassar eller andre enkle tiltak. Målet er å ta vare på naturen og gje gode moglegheiter for opplevingar ute – både no og i framtida.

Miljødirektoratet og Kulturdepartementet har bidrege til finansiering av anlegget, saman med Gjensidigestiftelsen og Ål kommune.

Foto: Martin Haugeplass.

Bygningane ved Oppsjø Vasspark er alle teikna av Arkitekthagen As.

Bygningane vart bygde og oppførte som ein del av undervisninga til 1. klasse ved bygg- og anleggslinja på Ål vidaregåande skule. Bygga vart laga i bygghallen på skulen og frakta til badeplassen. Avgrensingar på frakt langs offentleg veg sette rammene for bygningskroppane, der løysinga vart å dele opp anlegget i fire bygningskroppar. Desse vart sette ut på fundament som var bygde på staden. To og to av bygga vart deretter «sydd saman» med element som vart bygde på staden. Utforming og materialval står i stil med andre element langs Elvelangs og er tilnærma vedlikehaldsfritt (kjelde: Arkitekthagen.no)

Badstovebygget sett utanfrå. Biletet er tatt på kvelden. Det er skumring.
Foto: Arkitekthagen AS /Nina Aamot.

Området Oppsjø Vasspark er drifta av Ål Kommune. Opplever du feil eller manglar med badstova, kontakt 

Servicetenester ved Ål kommune.

Foto: Anna T. Amundsen.