Kvar finn eg badstova

Grusvei foran i bildet. Badstova ca 100 meter unna. opplyst av solgult lys. Blå himmel og blått vatn.
Foto: Martin Haugeplass.
Bilete av badstova tatt frå vatnet. Vatn i front, deretter bygget. turstigen Elvelangs i bakgrunnen.
Foto: Martin Haugeplass.
Foto: Martin Haugeplass.
Foto: Martin Haugeplass.

Badstova ligg ved Oppsjø Vasspark, like ved Ål idrettspark. Parkering finn du ved Ål Idrettspark på Bråta, og derifrå er det ein lett spasertur på rundt 500 meter langs grusveg fram til badstova. Om vinteren er det køyrt skiløype langs vegen, med plass til å gå til fots langs løypa.

Med sykkel:

I sommarhalvåret er det ideelt å sykle til Oppsjø vasspark. Det er sykkelstativ på området.

På ski og til fots:

Det er også flott å legge opp til ein gå- eller skitur i samband med eit besøk i badstova. Når snøforholda tillet det, er det køyrt skiløype heile vegen frå Topcamp Hallingdal langs Elvelangs ned til Ål camping. Ein kan byrje skituren i begge endar. Det gjeldt også til fots. Nettida Sporet.no gir deg oppdatert informasjon om når skiløypa ved Oppsjø er blitt køyrt opp.

Med kollektivtransport:

Dei nærmaste kollektivknutepunkta er Ål stasjon (tog) og Ål Torget (buss). Herfrå tek det omlag 15 min å gå til Oppsjø Vasspark.

Pust ut, ro ned og nyt